iTunes

Gisle Børge Styve Trio «Skigardvise»

Skigardvise.

Gisle Børge Styve Trio er stolte over å ha spilt inn sin versjon av Stanley Jacobsen sin flotte låt: Skigardvise.
Melodien er av Finn Ludt.
Den er spilt inn i Lydriket i Bergen med Peter Harald Sæverud som tekniker. Den er også mikset og mastret av samme mann.

Helge Harstad: El. bass.
Per Willy Aaserud: Perc., melodika og kor.
Gisle Børge Styve: Sang, ukulele og piano.

Foto: Øyvind Ganesh Eknes.

 

SKIGARDSVISE

heilt innåt skogen står ein skigard mosegrodd og grå
han er heilt nedfalls og søkk isaman
men som eit minnesmerke her han står
ein gong var dette eit viktig stengsel
som verna åkeren mot krøterfot

ein skigard kan'kje vara evig veit du
kan aldri vara evig

ein gamal skigard som står og vitnar om ei svunnen tid
det er ei soge om gamal storleik
kamp mot naturen kamp som er forbi
nå vert det kjempa på andre fronter
men mye skigarder det har me lell

ein skigard kan'kje vara evig veit du
kan aldri vara evig

kva er ein skigard ein skigard er så mange rare ting
ei rad med stokkar sett som eit gjerde
eller eit stengsel i ditt eige sinn
ein gamal fordom eit raseskille
hat og misunning eller aversjon

ein skigard kan'kje vara evig veit du
kan aldri vara evig

kvar du så snur deg det er ein skigard mellom før og nå
ein skigard er som ei landegrense
ein skigard er eit stengel for de få
eit hat i hjarta eit klasseskille
eit sjalusi ein uvisshet ein krig

ein skigard kan'kje vara evig veit du
kan aldri vara evig

har du ein skigard å jau du har nok ein for alle har
ein ting ein gjerne vil stengje ute
ein ting ein ikkje syna vil einkvar
men desse stengsler treng ikkje vara
ein skigard kan du kliva om du vil

ein skigard kan'kje vara evig veit du
kan aldri vara evig
kan aldri vara evig