Med humor og musikk sjarmerte dei publikum i Ørsta

Konsertanmeldelser · Nærnett.no ·
Med humor og musikk sjarmerte dei publikum i Ørsta
Med humor og musikk sjarmerte dei publikum i Ørsta

Konsertanmeldelse på Nærnett.no

Høgrefoten til Gisle Børge Styve står ikkje i ro eit sekund medan melodien siv ut av flygelet. Både eigenkomponert musikk og cover-låtar fyller salen. Mjuke basstonar blandar seg med Styve si stemme og pianospel. Lyden frå trompeten sklir inn frå venstre, og publikum klappar begeistra etter kvar låt.Etter eit par låtar dreg Willy Aaserud fram noko som minner om eit leiketøy frå 80-talet. Eit keyboard med slange i enden. Melodika går ifylgje trioen under namnet "Spøttorgel" i Mo i Rana, sidan det må tømmast for spytt så ofte.Salsasang glir over i kjenningsmelodien til Pippi Langstrømpe før det endar i same låta på "tulle-spansk". Og igjen gjer han publikum merksame på besøket frå pressa, ved å flørte med kamera medan han syng.– Tusen takk, kjære Ørsta og omegn. Endeleg nokon som forstår meg, utan at dei to andre treng å oversette, smilar Styve som opprinneleg kjem frå Førde.Salen ler hjarteleg, og med det er tonen satt for resten av konserten.– Konserten var kjempekjekk, og veldig humoristisk. Eg har ikkje vore på konsert med dei før, men eg kjenner dei frå TV, seier Dagrun Kvalsund.Kvalsund var på konserten saman med Åmdalskoret, som ho er ein del av. Dei består kun av damer, og har til vanleg øving på tysdagskveldane. Men denne tysdagen ville dei ha fri, og bestemte seg for å ta turen til Ørsta kulturhus.
På eit par av songane stemte koret i. Ei av damene hadde nemleg informert trioen om at dei skulle sitte i salen, og fekk difor ofte oppmoding frå Styve sjølv om å syngje med.
Mykje humor. Og det var tydeleg at trioen si blanding av sang og humor var noko som blei tatt godt imot av publikum.– Det var både morosamt og bra musikalsk, og det var balansert med humoren. Skikkeleg feelgood, seier Dag Tore Hagen frå VoldaDet ligg mykje arbeid bak kvar gong Styve og kompanjongane entrar scena.– Vi førebur oss godt før kvar konsert. Vi prøver å finne ein lokal vri og snappe opp om det er nokon lokale poeng vi kan bruke, seier Gisle Børge Styve.

Og trioen var tydeleg nøgd med responsen frå publikum. – Det var heilt fantastisk å vere her i Ørsta i kveld, dei var eit draumepublikum som fylgde med på alt vi gjorde av både alvor og latter, fortel Per Willy Aaserud. Han spelar trompet og melodika i trioen. Mykje minna nok om Beat for Beat på NRK, der kjappe replikkar og musikalsk kunnskap står i sentrum. Men tysdag fekk Ørsta heile Noregs piano-sjarmør for seg sjølve, utan Trond Nagell Dahl og Ivar Dyrhaug.

Kilde: nernett.no/?do=article&id=24721